Om 17. juni og 17. juni-blomen

Artikkel av Johanne Louise Groven Michaelsen Tilbake til 17. juni-sidene

17. juni er Henrik Wergelands fødselsdag. Denne blir markert på mange vis – her vil eg fortelja litt om Ingborg Refling Hagens 17. juni-fest:

Det var i 1938. Trugsmålet frå Hitler-Tyskland var klart for dei som ville sjå det. Også her i Noreg var det folk som meinte at Hitler kom med ei løysing da han ville «nyordne» Europa. Folk var redde for marxismen, det var no ein ting. Men det kom også fram ein del antisemittisme. Kanskje det vart framgang for antisemittismen avdi så mange jødar hadde måtte flytte frå russiske område på grunn av pogromer etter 1905. Men det var faktisk slik at ein gong det skulle vera fest for Henrik Wergeland, i Damstredet, turte dei ikkje la jødane vera med. Det var jo ikkje nettopp å feste for Henrik Wergeland - - -

Ingeborg Refling Hagen skreiv eit flammande dikt om det. Og gav ut Wergelands bok «jødesaken i det norske Storting» på nytt – med modernisert rettskriving.

I tillegg ville ho nå ungar og ungdom og lære dei om Henrik Wergeland. Ettersom han ikkje berre var ein som ropa hurra for demokratiet, men også jobba for at det kunne bli røyndom i det norske samfunnet, får ein seia at dette var å gå til vår demokratiske kjelde.

Henrik Wergeland var jublande glad over det steget vi hadde teki i 1814 – men visste betre enn nokon at basisen for eit ekte folkestyre er opplysning. Det var det feltet han gjorde mest på – men han kom også fram med idéen om korleis fleire folk skulle få røysterett ved å kjøpe seg eit lite jordstykkje. I den samanhengen kan soga fortelja om «myrmenn» - eller folk som åtte grunn under stabburet til grannen - - -

I tillegg til dette tok Wergeland opp jødesaka. Etter 1814 skulle jødar ikkje få koma inn i Noreg . (Rettare sagt: Dei skulle framleis vera utelukka – det var ein gamal regel dei berre heldt fram med.) Nordmenn flest hadde nok eit litt einsidig bilete av jødane den gongen. Ettersom dei vel i fleire europeiske land ikkje hadde lov til å ha og dyrke jord, måtte dei jo bli handelsfolk. Dessutan var det ein del av dei som dreiv med å låne ut pengar. Så fekk dei dårleg rykte på seg – og, som Anne Frank mange år seinare formulerte det: «Det en kristen gjør, gjør han på eget ansvar, det en jøde gjør, skal alle jøder ha skylda for.

Wergeland kjempa for at jødane skulle få koma inn i Noreg. Han hadde treft nokre «marokkanske jøder» da han var i Frankrike, og han såg at dette var fine folk.

Det var to marokkanske Jøder, som falbød alskens Smaating, Tobakstøi, Knusk, smaa Speile o. s. v. Altsaa Skakkerjøder -- ja Skakkerjøder; men tag du ærbødig din Hat af, christne Grosserer eller Præst, for disse herlige Patriarkfigurer og Apostelaasyn -- ja Apostelaasyn herlige som Rafaels St. Hieronymus og St. Ambrosius. De vare orientalsk klædte, men i et sortgraat Slags Lærred; men jeg glemte ganske de glimrende Farver, jeg havde ventet at see, for deres Personers Majestæt. Jeg følte mig ydmyget foran dem som om jeg stod for to af Menneskehedens Stamfædre eller foran Abraham og Melchizedek, under hvis Telt kun den ene sande Gud blev dyrket.

Åtte år seinare kom Henrik Wergeland i hug det han hadde opplevd da han møtte dei marokkanske jødane – og dermed sette han i gang -

Jeg erindrede iblandt Andet hvert Ord, jeg havde talt med dem om deres Stilling i Marokko; og at de havde sagt, at den var taalelig imod i flere christne Lande.

Tanken om Jødernes Stilling hos os var den næste. Jeg fandt den skjændig. Paa en smukkere Maade kunde Nordmændene ikke takke Gud for Friheden, end ved at vise hans kaarne Folk Kjærlighed og Omhu -- et Folk, der maatte lønne dem saa rigt, naar det endnu besad slige palmyrenske Søiler imellem sine Ruiner.

Så skreiv Wergeland både artiklar og diktverk om jødesaka – og mange av dikta har vori av dei mest elska dikta hans. Som t.d. «Kvinnene på kirkegården» der han let ei protestantisk og ei katolsk kvinne gå på ein kyrkjegard for å leite etter høveleg plass for ei grav. Da møter dei ei jødekvinne. Jødekvinna tek ordet og syner dei pannesmykket sitt. Der er det ulike steinar. Men, seier jødekvinna, når ein skal vurdere verdien av steinane, ser ein på korleis dei reflekterer sola, kor sterkt dei lyser – ikkje om fargen er «blålig, grønnlig, rød.»

Men, hvo skjelner mellem disse
Ædelstenes Værd tilvisse?
Se! o se! det Solen gjør!
Seer I? lige klart de straale,
hver med deres Brudds Kulør,
Himmelbilledet igjen.
Det er Stenens Værd at maale:
Straalekraften, ei om den
Solens Lys tilbageskjød
farvet blaalig, grønlig, rød.

Og hvad bør blandt Mennesker
vel det sande Værd bestemme?
Ikke af hvad Tro man er,
ikke Sprog og ei hvor hjemme.
Dette er kun Stenens Brudd,
kun dens Skjær fra Klipperevnen,
hvorfra den blev hentet ud,
ei dens Værd i Straale-Evnen.

Henrik Wergelands gravstøtte er den dag i dag den som vart reist av «jøder utenfor Norges grenser». Det er grunnen til at vår største lyrikar har ei gravstøtte med sterkt preg av land og tradisjonar langt borte frå Noreg.

Etter Henrik Wergelands tid har det skjedd mykje – mellom anna har vi eit industrialisert pengesamfunn som ein ikkje kunne drøyme om på den tida. Hans syn på menneskeverd og demokrati er kanskje ikkje så populært i våre dagar, men kanskje det difor er desto meir viktig å hugse det – og lat oss for all del hugse korleis han slåst i mot at fordomar skulle regjere vår innstilling til andre menneske. Dersom vi studerer vår norske samtid, vil vi kanskje bli overraska over i kor mange tilfelle vi lagar ein fasit på våre medmenneske og er fullt ut nøgde når vi berre har plassert dei i ein bås. Dette gjeld ikkje berre internasjonalt, men også innalands.

I tillegg er vi slik som menneska støtt har vori: Vi opplever urett så mykje sterkare når det gjeld oss sjølve enn når det gjeld andre. I motsetning til Henrik Wergeland som levde så med i t.d. Polens lagnad at han måtte skrive eit kjempedikt om det, veit vi lite om det dramatiske menneske i andre land opplever nettopp no. Det gjeld kanskje særleg radioaktiv forurensing. På det feltet er det forresten knapt at vi kjenner til stoda i vårt eige land.

Men når vi ser på det slik, er det rart å tenkje på at vi skryt så forferdeleg av oss sjølve og påstår at vi har så veldig mykje større internasjonal synskrins enn folk før oss.

Da Ingeborg Refling Hagen tok til med å feire Henrik Wergelands fødselsdag i «stor stil» (ho fortel sjølv at dei hadde hatt privat markering av dagen før 1938 - ), var det del av nettopp ein storstilt pedagogikk: Ungane skulle bli kjent med Henrik Wergeland.

Ho henta fram sitat ho kunne bruke som ein slags slagord. «Det land som eier frihet, har ære nok!» brukte ho m.a. Og ein ser kor presist ho fann fram til tankegang som kunne motarbeide Hitler-tankegangen. Hitler bråkte jo om at Tyskland hadde mist æra si når andre land ikkje var redd for det.

Her i Noreg har vi i det minste arva det frå Henrik Wergeland at vi ikkje krev at svenskane eller folk i noko anna land skal vera «redde» for oss for at vi skal kjenne at vi har «ære» - - -

Ingeborg fann ikkje berre fram til «slagord» - ho let ungane få lære songar av Henrik Wergeland.

Opptoget i 1938 var pynta med markblomar. Arrangørane var ute ved firetida om morgonen og plukka blomar. På same viset neste år. Så kom krigen – og det var farleg å feire Henrik Wergeland på noko vis. 17. mai 1941 var det mange som gjerne ville leggje blomar ved statuen hans - dei vart arresterte. Blomane vart fjerna frå Wergelandstatuen og fyrst vart dei plasserte «hos» Ibsen og Bjørnson, (desse statuane var jo like i nærleiken) men etterpå vart dei fjerna heilt. (Av det kan ein trekkje den konklusjonen at okkupasjonsmakta rekna Wergeland for mest «farleg» av diktarane våre - - - )

Men folk ga ikkje opp.

«Rett opp og ned stod de der – folkehavet under Wergelandstatuen, blikkstille og taust. Aldri har vel vår hyldest til Wergeland vært vakrere og inderligere enn nå – på denne hans egen lovpriste maidag – uten skrik og skrål og uten svulmende taler. - - -

Gamle rektor Aubert hadde tatt en drosje til byen om formiddagen. Han hadde bedt sjåføren stoppe utenfor Wergelandsgrotten. Der stod han ut av bilen, den gamle mann, og i taushet blottet han sitt hode. Mens han stod der, ble han arrestert og kjørt bort i en «annen bil» til politistasjonen for å stå til ansvar for sin statsfiendtlige demonstrasjon. - - -

Senere på dagen gikk jeg forbi Wergelandsgrotten et par ganger, da jeg har mitt kontor på den andre siden av gaten. På gitterporten mot den mørke grotte-åpningen var det festet små unnselige buketter av vårens blomster, noen røde, noen hvite og noen blå. De lyste og glødet mot den mørke bakgrunnen og fortalte bedre enn ord om den kjærlighet som hadde bragt dem dit.» (Odd Nansen)

Etter krigen heldt Ingeborg Refling Hagen fram med fest på Henrik Wergelands fødselsdag. Dette er vesentleg – for det fortel at ho ikkje rekna trugsmålet frå nazismen for over om det hadde blitt ein militær siger i andre verdskrigen. Tvert om skreiv ho seinare:

«Nazismen kan ikke drepes med skudd og bomber. Det er den som dreper med skudd og bomber.»

Det var etter krigen at Ingeborg utvikla 17. JUNI-BLOMEN.

I staden for å ribbe grøftekantar og enger for blomar halvfire om morgonen 17. juni, sat ho resten av året og produserte blomar av krepp-papir. Dei siste åra før ho måtte gje opp å laga slike blomar avdi synet svikta, sat ho året rundt – ja, bortsett frå julestria og slikt.

Ingeborg sa sjølv at krepp-papir var «et farlig materiale». Det kunne bli glorete. Difor sat ho med siste delen av produksjonen når det galdt sjølve blomen: Det var ho som sette på «kronblad» etter at «innmoto» og «støveberar» var ferdig. Dermed kontrollerte ho at fargane ikkje vart glorete.

Eg plar å formulere det slik: Fargane skal synge – ikkje skrike. Dei kan syngje både i pianissimo og i fortissimo – men altså ikkje slå over i skrik.

Dei ungane ho hadde med seg på arbeidet da ho tok til å utvikle den fyrste 17.juni-blomen, laga to nye ord i språket vårt: «Innmoto» (subst) og «å hanske» (verb).

Det er lett å skjøna at ordet innmoto må vera laga ut frå ordet innmat. «Hanske» dreier seg om å leggje krepp-papir på kvisten blomen er bunden til – og dessutan over den delen av blomen der festinga er.

OM DELANE AV BLOMEN.

Vi kan ta utgangspunkt i bilete av blomar før dei vert monterte på kvistene.

blomar på bord
Her ser ein både innmoto, støvberar og kronblad. Innmotoa skal alle vera ulike – ikkje noko presis likt eit anna. Men noko er likevel likt på dei som er i same «serie» - som ein også ser her.

serie blomar
I innmotoet her kan ein sjå at ulike fargeark er lagte ved sida av kvarandre og så er det laga slynger og mønster på ulik vis. Her er det kanskje på sin plass å nemne at vi støtt har vori ivrige på å bruke kvar einaste lille krepp-papir-bit. Ulike slag restepapir blir brukt på ulike måtar. Midtpartiet her er delvis laga av papir som ein gong har vori «hanska» på kvisten og som difor ikkje lenger er tøyeleg. Så har det blitt lagt i lag kring ein linjal – og etterpå dandert slik ein ser det her. Dette er ikkje einaste måten å bruke restepapir på - - -


Nærbilete der ein ser dei to delane av dette innmotoet. Oftast har innmoto ein «kant» - her bølgjer kanten av garde i to fargar -


I denne blomen ligg ulike fargelag også i bølgjer – men her er det også gamle støvberarhovud. «Støvberarane» er den delen av blomen som oftast blir øydelagt – men restane kan ein likevel bruke – som her - - -


Dei to runde knappane i dette innmotoet er laga på ein annan måte enn dei gamle støvberarhovuda i førre biletet. Kanten kring innmotet her er glatt og ikkje bølgjete.



Her ser vi eit anna element i innmotoet - «prikkerull». Også bruk av restar. Ein kan bruke stilken på øydelagte støvberarar eller tvinne tvinningar av tynne små strimlar – som ein så «pakkar inn» i papirflak og klypper over - - - Det kan kjennest som eit langtekkeleg arbeid å laga prikkerull, men det blir flott i blomane.

Både dei gamle innmotoa frå den tida Ingeborg levde og dei nylaga syner stor stilvariasjon. Særleg er det spennande å sjå kor ulike ulike innmoto-lagarar kan arbeide. Grethe Schei har spennande innmoto – med rikdom av fargar og former. Og det hender det kan vera vanskeleg å finne rett kronbladfarge avdi innmotofargane er så utruleg varierte.


Her er eit døme på innmoto som er laga av Grethe Schei og som syner hennar virtuose teknikk med å la fargane som ligg i flak slynge seg kring gamle støvberarhovud.


Frå fyrsten av var støvberarane berre nokre tvinna trådar som hang slapt ut av blomen. Men ein vakker dag sette kunstnaren Olav Bjørgum seg ned og uteksperimenterte den støvberartypen vi lagar i dag. Støvberarhovud+ «stilk». Ein kan på den måten ha heile tre ulike fargar i støvberarane, og dermed blir det totalt mykje rikare fargespel. Men det vart ein heilt ny teknikk på å tvinne da vi skulle laga støvberarar som skulle kunne «stå» ut av blomen.

Medan Ingeborg levde, var det gjerne slik at det vart lesi høgt medan arbeidet gjekk føre seg. Stova var full av ungdomar som laga ulike delar til blomane – eller monterte blomane på kvist. Så sat det ein og las – og Ingeborg sat i stolen sin og let fingrane leike virtuost av garde – ingen har seinare klart å herme farta hennar – det såg så utruleg enkelt ut!

Av og til får vi lesing av ein av dei som las høgt den gongen folk sat kring Ingeborg og laga blomar.




Og teknikken med å setja blomar på kvistene er ikkje ukjent for ein som har vori med i suttung frå ho var 12 år!

Tilbake til 17. juni-sidene